Repetisjonsspørsmål til kapittel 1, nynorsk

1     Når og kvar oppstod vår menneskeart, Homo sapiens sapiens?

2     Kvifor konkurrerte Homo sapiens sapiens ut andre menneskearter?

3     Kvifor og når tok menneska til med svibruk?

4     Kva var nytt med jordbrukssamfunna?

5     Kva negative verknader følgde med jordbrukssamfunna?

6     Kvifor kom dei første høgkulturane eller sivilisasjonane langs elvar?

7     Kva kjenneteiknar ein sivilisasjon?

8     Kvifor følgde meir krig med sivilisasjonane, og kva verknad kan dette ha fått for samfunna?

9     Kvar og når skapte sumerarane den første sivilisasjonen i verda, og kva oppfinningar gjorde dei?

10   Kva oppfinningar kom som eit resultat av jordbruket og livet langs Nilen?

11   Kva skil kunnskapane våre om Indus-kulturen frå kunnskapane våre om dei andre elvekulturane?

12   Kva er Indus-kulturen mest kjend for?

13   Kva for eit problem møtte jorddyrkarane langs Huang He, og korleis prøvde dei å løyse det?

14   Kva oppfinningar kan knytast til den kinesiske sivilisasjonen?

15   Kva skil den kinesiske sivilisasjonen frå dei andre tidlege sivilisasjonane?

16   Når og kvar kom jernalderen, og korleis vart stål produsert?

17   Kvifor var overgangen til jernalder viktig?