Repetisjonsspørsmål til kapittel 3, nynorsk

1   Kva tyder omgrepet mellomalder, og kva fasar kan perioden delast inn i?

2   Korleis bygde den katolske kyrkja ut makta si i tidleg mellomalder?

3   På kva måtar sette kristendommen preg på livet til mellomaldermenneska?

4   Kvifor klarte arabarane å erobre eit stort rike?

5   Kvifor vart muslimane splitta i sjiaer og sunniar?

6   Kva kjenneteikna islamsk kulturblomstring fram til ca. 1100?

7   Kva kjenneteiknar kåra til kvinnene i det muslimske samfunnet i mellomalderen?

8   Korleis samarbeidde dei frankiske kongane med pavekyrkja?

9   Kva førte fram til brotet mellom den romersk-katolske kyrkja og den gresk-ortodokse kyrkja i 1054?

10 Kva legg vi i omgrepa serf, vasall, len og føydalsamfunn?

11 Korleis var situasjonen for adelskvinnene i føydalsamfunnet?

12 Kva gjekk investiturstriden ut på, og korleis vart han avslutta?

13 Korleis skapte situasjonen i Midtausten på slutten av 1000-talet eit grunnlag for krosstoga, og kva løyste dei ut?

14 Kva var inkvisisjonen?

15 Kva var hovudårsakene til folkeauken og framgangen i landbruket i mellomalderen?

16 Kvifor vart det grunnlagt tusenvis av nye byar i høgmellomalderen, og korleis vart byane styrte?

17 Korleis vart kongemakta styrkt i høgmellomalderen?

18 Kva økonomiske og sosiale verknader hadde svartedauden?

19 Kva var ei stenderforsamling?

20 Kva innverknad fekk det engelske parlamentet i mellomalderen?

21 Korleis styrkte ny krigsteknikk kongemakta og svekte makta til adelen i seinmellomalderen?

22 Kvifor vart keisarmakta svekt i Det tysk-romerske riket frå slutten av 1200-talet?

23 Kvifor vart bøndene i Aust-Europa meir ufrie enn bøndene i Vest-Europa?