Repetisjonsspørsmål til kapittel 4, nynorsk

1     Kva rolle spela jernet for utviklinga av vikingsamfunnet?

2     Kven møtte på bygdetinget, og kva oppgåver hadde det?

3     Kvifor var høvdingane så mektige i vikingtida?

4     Kva slags ideal, våpen og eigenskapar hadde vikingkrigarane?

5     Kva var ein træl, og kva rolle hadde trælane i vikingtida?

6     Korleis kan forhold ute i Europa ha påverka åtakslysta hos vikingane?

7     Kvifor vart Norden eit viktig ledd i den europeiske fjernhandelen i vikingtida?

8     Kva var det typiske ved vikingferdene på 800- og 900-talet?

9     Kva er meint med vikingferder i «vesterveg» og «austerveg»?

10   Korleis skaffa Harald Hårfagre seg kongemakt i Noreg?

11   På kva måtar fekk Håkon den gode i stand eit godt samarbeid med bøndene?

12   Korleis utnytta kyrkja at Olav Haraldsson fall på Stiklestad?

13   Vis korleis kristendommen avløyste den norrøne religionen på 1000-talet.

14   Kva vil det seie at kongane styrte i eit samkongedømme?

15   Kvifor braut det ut borgarkrigar i Noreg på 1100-talet?

16   Kva vart fastsett i tronfølgjelova av 1163?

17   Kven var birkebeinarane?

18   Kva var baglarpartiet?

19   Kvifor blir perioden 1217–1349 kalla «stordomstida» i norsk historie?

20   Kva var kanselliet og kongsrådet?

21   Kva var skilnaden på ein sjølveigarbonde og ein leiglending?

22   Kva byar var viktigast i Noreg i mellomalderen?

23   Kva var svartedauden?

24   Kven var hanseatane?

25   Kva var Kalmarunionen?