Repetisjonsspørsmål til kapittel 5, nynorsk
1 Kva oppfinningar og ny teknologi fekk verknad for europeisk ekspansjon? På kva måtar fekk dette verknad?
2 Kva er meint med krosstogstanken?
3 Kvifor tok portugisarane leiinga i den oversjøiske ekspansjonen?
4 Kven fann sjøvegen til India, og kvifor var det så viktig?
5 Kva fekk jordomseglinga til Magellan å seie?
6 Kva gjekk merkantilismen ut på?
7 Kva var trekanthandelen?
8 Kvifor var ættene viktige i Afrika?
9 Korleis begynte den europeiske slavehandelen i Afrika?
10 Kvifor stoppa dei kinesiske sjøekspedisjonane på 1400-talet brått opp?
11 Kva for kinesiske varer var etterspurde i Europa?
12 Kva gjekk konfutsianismen ut på?
13 Kva verknad fekk den kristne misjonen i Japan på 1600-talet?
14 Kva varer dreiv britane handel med i India?
15 Kvifor gjekk dei spanske erobringane av indianarrika i Mexico og Peru så lett?
16 Kva konsekvensar fekk koloniseringa av Nord-Amerika for indianarane og dei afrikanske slavane?
17 Kva vart dei viktigaste verknadene av den europeiske ekspansjonen i Afrika, Asia og Amerika?
18 Korleis verka kontakten med andre verdsdelar på Europa?