Repetisjonsspørsmål til kapittel 7, nynorsk

1     Kor mange menneske levde i Noreg rundt år 1500?

2     Kor høgt var folketalet midt på 1600-talet og kring år 1800?

3     Kva skjedde med det norske riksrådet da Noreg og Danmark kom i fast union i 1536–37?

4     Kva følgjer fekk unionen med Danmark for norsk språk og kultur?

5     Kvifor var norske bondefamiliar friare enn bondefamiliar i Danmark?

6     Mange norske bønder var leiglendingar. Kvifor ville dei bli sjølveigarar?

7     Kvifor voks husmannsordninga fram frå midten av 1600-talet?

8     Kva var skilnaden på ein arbeidshusmann og ein bygselhusmann?

9     Kva arbeidsoppgåver hadde futane og sorenskrivarane?

10   Kvifor auka ikkje skattetrykket etter 1720?

11   Korleis tok bøndene seg av dei fattige på 1700-talet?

12   Kva innebar overhøyring og konfirmasjon for ungdommen?

13   Kvifor kom rekning med i læreplanane for skolen på 1700-talet?

14   Kva vil det seie at samane budde i sidaer?

15   Kvifor vart det eit skilje mellom flyttsamane og dei samane som levde av fiske og jordbruk?

16   Kven var Thomas von Westen?

17   Kva var merkantilismen?

18   Kvar hadde Danmark-Noreg koloniar?

19   Kva gjekk heilstatspolitikken ut på?

20   Kva var kjøpstadprivilegia?

21   Kvifor auka etterspurnaden etter norsk trelast frå ca. 1600?

22   Kva bergverk voks fram i første halvdelen av 1600-talet?

23   Kvifor vart fiskarbøndene avhengige av bryggjekjøpmennene?

24   Kva rolle spela navigasjonsakta for norsk skipsfart?

25   Forklar korleis maktbalansen i Norden vart retta opp att i 1720.