Repetisjonsspørsmål til kapittel 8, nynorsk

1     Kva var det sentrale i tenkinga i opplysningstida?

2     Kva meinte Locke med folkesuverenitetsprinsippet?

3     Kva meinte Montesquieu med maktfordelingsprinsippet?

4     Kvifor gjorde amerikanske kolonistar opprør mot britisk overherredømme?

5     Kva var hovudinnhaldet i den amerikanske grunnlova av 1787?

6     Kva var bodskapen i den amerikanske sjølvstendefråsegna av 1776?

7     Kvifor kalla kong Ludvig 16. inn stenderforsamlinga i Frankrike i 1789?

8     Kvifor danna medlemmer av stenderforsamlinga ei ny nasjonalforsamling?

9     Kvifor sa adelen og dei geistlege frå seg føydale rettar?

10   Kva var hovudinnhaldet i den nye menneskerettsfråsegna?

11   Kva vil det seie at Frankrike vart eit konstitusjonelt kongedømme i 1791?

12   Kva reformer innførte Nasjonalkonventet i 1792?

13   Kva ligg i omgrepet «revolusjonen åt barna sine»?

14   Korleis kom Napoleon til makta i Frankrike?

15   Korleis vart Danmark-Noreg trekt med i Napoleonskrigane?

16   Kvifor fekk Karl Johan lovnad om å få Noreg?

17   Korleis fekk Kristian Fredrik norsk støtte til opprør mot Kielfreden i 1814?

18   Kva prinsipp bygde Grunnlova av 17. mai 1814 på?

19   Korleis kom Noreg i union med Sverige?