Repetisjonsspørsmål til kapittel 9, nynorsk

1     Kvifor auka folketalet i Europa meir enn i andre verdsdelar frå byrjinga av 1700-talet?

2     Kva gjekk innhegningslovene (enclosure acts) i England ut på?

3     Kva legg vi i uttrykket heimeindustri?

4     Kva er Thomas Newcomen og James Watt kjende for?

5     Kvifor var det ein fordel å bruke steinkol i staden for trekol når ein skulle smelte malm?

6     Kva var puddlingprosessen?

7     Kva føresetnader hadde Storbritannia for å utvikle industri?

8     Kva er Adam Smith kjend for?

9     Kva var ein maskinstormar?

10   Kva var New Poor Law?

11   Kvifor hadde industrien i Tyskland så stor framgang i andre halvdel av 1800-talet?

12   Kvifor vart USA den førande industristaten i verda før den første verdskrigen braut ut i 1914?

13   Kvifor auka miljøproblema i verda etter midten av 1700-talet?

14   Kva var The Alcali Act?

15   Kven var kvenene?

16   Kva gjekk Homestead Act ut på?

17   Kva fekk det å seie for Noreg at navigasjonsakta vart oppheva i 1849?

18   Kvar bygde gründerane dei første tekstilfabrikkane i Noreg?

19   Kor mange yrkesaktive arbeidde i industrien kring år 1900?

20   Kva var konsesjonslovene?

21   Kva tyder uttrykket «det store hamskiftet»?

22   Kva hadde jordskiftelovene å seie for bøndene i Noreg?

23   Kvifor var slåmaskinen sjølve symbolet på det store hamskiftet?

24   Kva var ein husmann?

25   Kva var årsakene til at fiskeria i Noreg hadde framgang på 1800-talet?