Repetisjonsspørsmål til kapittel 11, nynorsk
1 Kva er meint med imperialisme?
2 Kva område ville britane kolonisere i Afrika?
3 Kva område tok Frankrike kontroll over i Afrika?
4 Kva er meint med direkte og indirekte styre av koloniane i Afrika?
5 Kva er meint med at India var «juvelen i krona»?
6 Kva var taipingopprøret og boksaropprøret?
7 Korleis greidde Japan å få til industriutvikling?
8 Kva var bakgrunnen for den økonomiske veksten i Latin-Amerika etter 1870?
9 Kva var bakgrunnen for Krimkrigen?
10 Kva område tok Russland kontroll over i Sentral-Asia?
11 Kva var Monroedoktrinen?
12 Kva var bakgrunnen for borgarkrigen i USA?
13 Kva var Homestead Act?
14 Kva er meint med at det var eit «britisk verdssystem» i 1914?
15 Kva skjedde med urinnbyggjarane i Australia og på New Zealand?