Repetisjonsspørsmål til kapittel 12, nynorsk

1     Når braut den første verdskrigen ut, og kor lenge varte han?

2     Kva legg du i uttrykket La belle epoque (den vakre tida)?

3     Kva var trippelalliansen?

4     Kva var trippelententen?

5     Kvifor vart den tredje Haagkonferansen avlyst?

6     Kvifor vart Balkanhalvøya kalla «det urolege hjørnet i Europa»?

7     Kva hadde serbarane som mål på Balkan?

8     Kva gjekk den panslaviske ideen ut på?

9     Kven var Gavrilo Princip?

10   Kva var blankofullmakta?

11   Kva var karakteristisk for krigen på vestfronten?

12   Kven var Winston Churchill?

13   Kva var Jyllandslaget?

14   Kva førte senkinga av passasjerskipet Lusitania til?

15   Kva tyder uttrykket «uavgrensa ubåtkrig»?

16   Kva skjedde 11.11. klokka 11 i 1918?

17   Kven var Woodrow Wilson, David Lloyd George og Georges Clemenceau?

18   Kva var dei 14 punkta til Wilson?

19   Kvifor var tyskarane så negative til Versaillesfreden?

20   Kva var «den polske korridoren»?

21   Kva tyder namnet Jugoslavia?

22   Kva var Folkeforbundet?

23   Kva slags utanrikspolitikk førte Noreg under den første verdskrigen?

24   Kva var jobbetida?

25   Forklar uttrykket dyrtid.

26   Kva konsekvensar fekk spanskesjuka for verda og for Noreg?