Repetisjonsspørsmål til kapittel 13, nynorsk
1 Kva kjenneteikna Lenins marxisme-leninisme?
2 Kva utløyste slutten på tsarstyret våren 1917?
3 Kva var målet for revolusjonen til bolsjevikane hausten 1917?
4 Kvifor vart det borgarkrig i 1918?
5 Kva var Trotskij og Stalin usamde om?
6 Kva var GULag og Moskvaprosessane?
7 Kva gjorde USA til den leiande økonomiske makta i 1920-åra?
8 Kva var årsaka til børskrakket i USA i 1929?
9 Kva var hovudinnhaldet i New Deal-politikken til president Roosevelt?
10 Kvifor førte krisa i USA til ei økonomisk verdskrise?
11 Kva kjenneteikna fascismen som ideologi?
12 Korleis kom Mussolini til makta?
13 Kva var hovudinnhaldet i den nazistiske ideologien til Hitler?
14 Korleis vart Hitler statsminister (kanslar)?
15 Kvifor vart Arbeidarpartiet revolusjonært i 1918?
16 Kvifor stifta Quisling partiet Nasjonal Samling (NS)?
17 Kva gjekk kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935 ut på?
18 Korleis behandla norske styresmakter minoritetar i mellomkrigstida?