Repetisjonsspørsmål til kapittel 14, nynorsk

1     Kva er meint med «fredsoptimismen» i 1920-åra?

2     Korleis førte Japan ein aggressiv politikk i 1930-åra?

3     Kva stormakter støtta høgresida under den spanske borgarkrigen?

4     Kva stod det i Versaillestraktaten om Saar og Rhinland?

5     Kva var innhaldet i Münchenforliket og den tysk-sovjetiske ikkjeåtaksavtalen?

6     Kva er meint med «Blitzkrieg»?

7     Korleis enda vinterkrigen mellom Sovjetunionen og Finland vinteren 1939–1940?

8     På kva måte vart den norske nøytraliteten krenkt da britane gjekk til åtak på Altmark?

9     Kvifor gjekk Hitler til åtak på Noreg?

10   Kvifor måtte dei allierte trekkje styrkane sine ut av Noreg i juni 1940?

11   Kva var Maginotlinja?

12   Kva politikk førte Vichy-regjeringa i Frankrike?

13   Kva var «slaget om Storbritannia», og korleis enda det?

14   Korleis prøvde Mussolini å skape «eit romersk imperium» på Balkan?

15   Kva statar hjelpte Tyskland under åtaket på Sovjetunionen i 1941?

16   Korleis kom USA i krig med Japan og Tyskland i slutten av 1941?

17   Kva var Nanjing- massakren?

18   Korleis såg nazistane på russarar og polakkar?

19   Kva delar av den sovjetiske befolkninga vart særleg hardt ramma av krigshandlingar?

20   Kva forhold skapte konfliktar mellom Polen og Sovjetunionen under den andre verdskrigen?

21   Kva gjekk terrorbombinga til dei allierte ut på?

22   Kva metodar brukte nazistane for å utrydde jødane?

23   Korleis enda slaget ved Stalingrad i januar 1941?

24   Korleis stilte regjeringa Nygaardsvold seg til det tyske åtaket på Noreg?

25   Kva var Administrasjonsrådet?

26   Kva gjorde Terboven med kongehuset og Nygaardsvold-regjeringa i september 1940?

27   Kva meinte Hitler med at Noreg var «eit lagnadsområde»?

28   Kva hovudmål hadde Nasjonal Samling under den andre verdskrigen?

29   Kva var Statsakta på Akershus i februar 1942?

30   Gi eksempel på sivil motstand mot tyskarane og NS.

31   Kva var Milorg?

32   Korleis deltok Nygaardsvold-regjeringa i krigen på dei allierte si side?

33   Korleis gjekk frigjeringa av Noreg føre seg?

34   Kva var rettsoppgjeret?

35        Kva var hovudmåla i Atlanterhavserklæringa frå 1941?