Repetisjonsspørsmål til kapittel 16, nynorsk

1     Kva hovudmål hadde Fellesprogrammet?

2     Korleis prøvde Arbeidarpartiet å styre den økonomiske utviklinga etter krigen?

3     Kva for sosiale reformer vart vedtekne i 1940- og 1950-åra?

4     Kva ville Arbeidarpartiet oppnå ved hjelp av nasjonalbudsjett?

5     Korleis vart pengane frå Marshallhjelpa brukte i Noreg?

6     Kvifor mista dei norske kommunistane mykje oppslutning frå slutten av 1940-åra?

7     Kva var innhaldet i baseerklæringa frå 1949?

8     Kva oppgåver fekk Nordisk Råd?

9     Kvifor begynte Noreg med u-hjelp i byrjinga av 1950-åra?

10   Kva var bakgrunnen for at Sosialistisk Folkeparti vart stifta i 1961?

11   Kva saker prioriterte Kristeleg Folkeparti i dei første tiåra etter 1945?

12   Kva var hovudinnhaldet i folketrygdlova?

13   Kvifor tok stadig fleire gifte kvinner lønt arbeid i 1960-åra?

14   Korleis påverka privatbilen reisevanane til folk i 1960-åra?

15   Kva er meint med «det antiautoritære opprøret»?

16   Kva grupper var motstandarar av norsk medlemskap i EF i 1972?

17   Kvifor vart Noreg strategisk viktigare i 1970-åra?

18   Kva for politiske parti vart stifta i 1970-åra?

19   Kva reformer vart vedtekne i 1970-åra?

20   Kva for utanlandske førebilete hadde Høgre i 1980-åra?

21   Korleis liberaliserte Willoch-regjeringane det norske samfunnet i 1980-åra?

22   Kva for sosiale problem skapte uro i 1980-åra?

23   Kva var hovudkonklusjonen i Brundtland-rapporten frå 1987?

24   Finn grunnar til at eit fleirtal av nordmennene sa nei til EU i 1994.

25   Kva var innhaldet i EØS-avtalen mellom Noreg og EU?

26   Kva var «Alta-saka»?

27   Kvifor er 1989 eit merkeår i historia til det norske samefolket?

28   Kvifor auka innvandringa til Noreg etter 1970?

29   Kvifor forsvann mange arbeidsplassar i industrien i 1970- og 1980-åra?

30   Kva er meint med mindretalsparlamentarismen frå 1989 til 2005?

31   Kva parti danna den raudgrøne regjeringa i 2005?

32   Korleis vart det norske forsvaret endra etter avslutninga av den kalde krigen?