Repetisjonsspørsmål til kapittel 17, nynorsk

1     Kvifor vart vestlege land interesserte i Midtausten på 1800–1900-talet?

2     Kvifor lova britane jødane ein nasjonal heim i Palestina?

3     Kvifor støtta USA og Sovjetunionen grunnlegginga av staten Israel?

4     Kva vart resultatet av den israelsk-arabiske krigen i 1948–49?

5     Kva hadde PLO som mål da organisasjonen vart stifta i 1964?

6     Kva vart resultatet av seksdagarskrigen i 1967?

7     Kva gjekk Camp David-avtalen i 1979 ut på?

8     Kvifor fall styret til sjahen i Iran i 1979?

9     Kvifor invaderte Saddam Hussein Kuwait i 1990?

10   Kva var hovudinnhaldet i Oslo-avtalen frå 1993?

11   Kva skulda Osama bin Laden saudiarabiske herskarar for?

12   Korleis reagerte FN da Al Qaida gjekk til terroråtak på USA i 2001?

13   Korleis grunngav president Bush invasjonen av Irak i 2003?

14   Kvifor godkjende ikkje FN invasjonen av Irak?

15   Kva ligg i omgrepet «den arabiske våren»?