Repetisjonsspørsmål til kapittel 18, nynorsk

1     Kven var imot at land skulle ha koloniar etter 1945?

2     Kva var apartheid?

3     Kva rolle spela Nelson Mandela i Sør-Afrika?

4     Korleis styrte Robert Mugabe i Zimbabwe etter 1980?

5     Kva var bakgrunnen for folkemordet i Rwanda i 1994?

6     Kva gjorde det mogleg for japanarane å skape den nest største økonomien i verda på få tiår?

7     Kva slags miljøproblem fekk Japan i 1960-åra?

8     Kvifor sigra kommunistane i Kina i 1949?

9     Kva ville Mao Zedong oppnå med folkekommunane og det store spranget?

10   Kvifor starta Mao Zedong kulturrevolusjonen?

11   Kva var målet for politikken til Deng Xiaoping etter 1978?

12   Kva taktikk brukte Gandhi mot det britiske kolonistyret?

13   Kvifor vart britisk India splitta i India og Pakistan?

14   Kva var hovudinnhaldet i politikken til Nehru?

15   Korleis prøvde Indira Gandhi å modernisere India? Kvifor vart ho drepen i 1984?

16   Kva prega utviklinga i Argentina og Brasil på 2000-talet?

17   Kva var bakgrunnen for borgarkrigane i Jugoslavia?

18   Kvifor vart det krise i EU etter 2008?

19   Kva problem stod Barack Obama overfor i presidentperiodane sine?

20   Kva kjenneteikna Russland under presidentane Putin og Medvedev?