Niccoló Machiavelli: Fyrsten [Ferdighetsmål A]

Niccoló Machiavelli skildrar i boka Fyrsten (1513) ulike herskartypar. Han gjorde det fordomsfritt og utan å moralisere. I dette utdraget analyserer han føresetnadene for det som vart kalla det medborgarlege fyrstedømmet, der fyrsten byggjer si makt på støtte frå folket. Machiavelli prøver også å vise at fyrstane alltid handlar i eiga politisk interesse. Han meiner at vold og list har mykje å seie for mange framgangsrike fyrstar. Han kjem i den samanhangen inn på om ein fyrste skal halde det han har lova.

Oppgave

  1. Kva slags kjelde er dette?
  2. Kva eigenskap må den som skal bli fyrste ha, slik Machiavelli ser det?
  3. Korleis kan eit eineveldig bli til?
  4. Kva for ein type av fyrstedømme meiner Machiavelli er den beste?

Kilde

Utdrag frå "Fyrsten"

No kjem eg til eit anna tilfelle: Ein fyrsteleg medborgar blir fyrste over sitt fedreland, ikkje gjennom brot eller anna lovlaus vald, men gjennom velvilje frå dei andre medborgarane. Dette kan vi kalle eit medborgarleg fyrstedømme. For å bli ein slik fyrste treng ein ikkje å ha berre hell eller vere berre dugande. Ein treng heller å vere høveleg gløggsynt. Eg meiner at ein vinn fram til denne makta anten gjennom velvilje frå folket eller frå stormennene. For i kvar einaste by finst det to ulike tendensar: Den eine er at folket ikkje ønskjer å bli kommandert eller kua av aristokratiet, og den andre er at aristokratiet vil kommandere og kue folket. Og på grunn av dette er det éin av tre ting som kan hende: Det kan bli einevelde, fridom eller anarki.

Det eineveldige fyrstedømmet kan skapast av folket eller av stormennene, alt etter om det er folket eller stormennene som ser eit godt høve til å innføre det. For når dei store ser at dei ikkje kan stå seg mot folket, gjev dei sin velvilje til ein av sine eigne og gjer han til fyrste, slik at dei kan få det dei vil ha under hans vern. Når folket ser at dei ikkje kan stå seg imot stormennene, gjev dei si tru til ein av innbyggjarane og gjer han til fyrste for å få vern gjennom han. Den som blir fyrste med hjelp av stormennene, har vanskelegare for å halde på makta si enn den som blir det med hjelp frå folket. For som fyrste vil han ha rundt seg mange som han reknar for å vere hans likemenn, og av den grunn kan han korkje by eller styre over dei etter eige tykke. Den som vinn makta gjennom velvilje frå folket, er eineveldig, og rundt han er det ikkje nokon eller i det minste svært få personar som ikkje er budde på å lyde han. Dessutan kan ein ikkje på heiderleg vis stette stormennene utan å skade andre, medan ein svært godt kan gjere etter det folket ønskjer, for folket er mykje heiderlegare enn stormennene, ettersom stormennene vil underkue og folket ikkje vil underkuast.

Det bør også leggjast til at om folket er fiendtleg innstilt, kan ein fyrste aldri vere sikker på makta. Det verste som kan hende ein fyrste over eit fiendtleg innstilt folk er at han blir oppgjeven av det. Fyrsten må alltid leve med det same folket, men han kan klare seg svært godt utan stormennene. (…)

Kor rosverdig det er at ein fyrste steller seg slik at ein kan tru på han, og at han lever rettferdig og ikkje på svikfull vis, det innser alle. Og likevel veit ein av røynsle at dei fyrstane i vår tid som har gjort storverk, det er dei som ikkje har halde så hardt på truskapen. I staden har dei vore så listige og lure at dei har forstått å føre folk bak lyset, og til slutt har dei fått overtaket på dei som hadde sett si lit til ærlegdommen.

De bør altså forstå at det finst to måtar å føre strid på; den eine måten er med hjelp av lova, den andre med styrken. Den første metoden er særmerkt for mennesket, den andre for dyret. Men fordi den første metoden mange gonger ikkje strekk til, må ein gripe til den sistnemnde. Følgjeleg bør ein fyrste kunne gjere bruk av eigenskapane både hos dyret og hos mennesket. At ein fyrste bør ha ein læremeister som er halvt dyr og halvt menneske, tyder at ein fyrste må kunne gjere bruk av både naturen til mennesket og naturen til dyret, og at den eine ikkje kan klare seg utan den andre.

Ein fyrste må altså godt kunne gjere bruk av naturen til dyret. (…) Ein klok fyrste kan med andre ord ikkje halde ord, og bør det ikkje, når dette er til skade for han, og når dei grunnar ikkje lenger finst som gjorde at han gav sin lovnad.