Samandrag av kapittel 1: Frå jegerar og samlarar til sivilisasjonar. Nynorsk

Menneskearta, Homo sapiens sapiens, oppstod i Afrika for meir enn 150 000 år sidan. For om lag 70 000 år sidan tok forfedrane våre til å utvandre til andre verdsdelar. Dei levde som jegerar og samlarar med reiskapar og våpen av stein, bein og treverk og klede av plantefibrar og skinn. Ettersom dei ikkje hadde skriftspråk, kan vi få kunnskap om dei ved hjelp av folk som framleis lever som jegerar og samlarar, gjennom arkeologi og ny genteknologi.

For om lag 10 000 år sidan kom jordbruksrevolusjonen. Folk i Midtausten tok til med svibruk. Dei brende skog og sådde i oska for å dyrke korn, truleg fordi folkeauke tvinga dei til det. I tillegg heldt dei tamdyr. Av ull vov dei klede, og dei utvikla pottemakarkunsten for å lagre mat. Jordbruket førte også til at sjukdommar vart overførte frå dyr til menneske, og det vart miljøproblem med erosjon og ureining av drikkevatn.

Frå 4000-talet f.Kr. utvikla menneska sivilisasjonar langs elevane Eufrat og Tigris, Nilen, Indus og Huang He. Vatningsjordbruket kunne brødfø svært mange menneske. Med sivilisasjonane kom klassedelte samfunn med kongar og prestar på toppen. Menneskeslekta gjekk inn i det vi kallar historisk tid, fordi sivilisasjonane utvikla skriftspråk. I tillegg laga dei bronse, og seinare tok dei jernet i bruk. Det førte til krig om land, matvarelager og metall, og krigsfangar vart gjorde til slavar.

Rundt 3000 f.Kr. samla faraoar landsbyane langs Nilen til eitt rike. Folk trudde at faraoen var ein gud i menneskeskapnad, og all jorda var hans. Sola og Nilen var viktige gudar, og jakta på eit evig liv gjennomsyra det egyptiske samfunnet. Induskulturen i noverande Pakistan og India voks fram på 2000-tallet f.Kr. Forskarane har ikkje klart å tyde skriftspråket, men arkeologiske funn viser at vatn spela ei viktig rolle både religiøst og sanitært. Den kinesiske elvekulturen langs Huang He blei til omtrent samtidig. I denne kulturen fann dei blant anna opp produksjonen av silke. I motsetnad til dei andre elvekulturane som alle gjekk under, er det ei klår linje frå denne kulturen til det moderne Kina, noko blant anna skriftspråket viser.