Samandrag av Kapittel 2: Antikken. Nynorsk

Antikken blir rekna frå 700-talet f.Kr. til om lag 500 e.Kr. I denne tida dominerte grekarane og romarane middelhavsområdet. Frå 700-talet f.Kr. levde grekarane i polisstatar. Ein polisstat var ein by med eit omliggjande landbruksdistrikt. Jernet var teke i bruk, og våpenføre, frie menn tok meir eller mindre del i styret av polisen. Kvinner stod utanfor politikken, og slavar vart rekna som eigedom. Polisstatane vart aldri samla til eitt rike, og dei kriga mot kvarandre om dyrkingsjord. Dette førte til at grekarar vandra ut til Vesleasia og heile middelhavs- og svartehavsområdet.

 

Det som sameina grekarane, var språk, religion og idrettsleikar. To hovudmotstandarar var Sparta og Aten. Sparta var ein ekstrem krigarstat med eit oligarkisk styre, det vil seie eit styre av eldre menn. Aten utvikla eit demokrati på 400-talet f.Kr. der alle frie menn kunne delta. Byen utvikla også arkitektur, litteratur og filosofi. Sparta og Aten stod ei kort tid saman mot persarane, men etter at dei var slått, førte dei ein øydeleggjande krig mot kvarandre.

 

På 300-talet f.Kr. erobra Makedonia dei greske polisstatane, og Aleksander den store skapte eit stort, kortvarig rike i Midtausten. Etter at han var død, vart byen Alexandria i Egypt sentrum for hellenismen, ein blandingskultur med gresk som hovudspråk.

 

Frå 200-talet tok romarane etter kvart over som det leiande folket rundt Middelhavet. Roma begynte som ein bonderepublikk på 500-talet f.Kr. med eit styre av dei rikaste jordeigande slektene. Romarane la under seg heile Italia, og deretter førte dei sigerrike krigar mot Kartago i Nord-Afrika og Makedonia. Krigane gav hærførarar stor makt, og på 100-talet f.Kr. gjorde Cæsar seg til diktator. Etter at han var død, sigra Augustus i ein borgarkrig, og Roma vart keisarrike.

 

Keisarane utvida riket til store delar av Europa og Midtausten, men germanarane i nord lét seg ikkje kue, og da folkevandringane tok til på 400-talet e.Kr., erobra germanske folk dei vestlege delane av riket. Dei austlege delane, Bysants med Konstantinopel som hovudstad, heldt stand i enno 1000 år.