Samandrag av Kapittel 3: Mellomalderen. Nynorsk

Perioden mellom 500 og 1500 blir kalla mellomalderen – tida mellom antikken og nyare tid. Fram til 1000-talet vart størstedelen av det vestlege Europa kristna under leiing av paven i Roma, som samarbeidde nært med frankiske herskarar. Det germanske frankarriket hadde glanstida si under Karl den store (768–814). Han vart krona til keisar av paven i år 800 og herska over eit rike som vart opphavet til Frankrike og Tyskland.

 

Rundt år 610 grunnla profeten Muhammed ein ny religion med sentrum i den arabiske byen Mekka. Etter at Muhammed var død, skapte arabarane eit nytt verdsrike, som på det største strekte seg frå Spania til Afghanistan. Riket vart halde saman av den islamske trua, dugande krigarar, ein livleg handel, det arabiske språket og ein blomstrande kultur. Frå 900-talet vart det enorme riket delt opp i fleire mindre statar. Dei økonomiske og kulturelle banda mellom dei var likevel sterke, sjølv om motsetningane mellom dei islamske trusretningane sjia og sunni kunne skape konfliktar.

 

Også dei kristne vart ueinige om den rette læra. Patriarken i Konstantinopel nekta å godta paven som overhovud for kyrkja, og meiningsskilnader om fleire teologiske spørsmål enda med brott mellom den romersk-katolske og den gresk-ortodokse kyrkja i 1054. Fleire pavar og fyrstar låg stadig i konflikt om styringa av kyrkja i vest. Konflikten nådde eit høgdepunkt på 1000- og 1100-talet under investiturstriden, som dreia seg om retten til å velje biskopar.

 

I tidleg mellomalder overlét bøndene mykje jord til stormenn som lova å forsvare dei. Desse liveigne bøndene mista etter kvart den personlege fridommen. Dei utførte pliktarbeid for godsherren og måtte betale leige for jorda dei dyrka. Ved hjelp av inntektene frå godsa rusta godsherrane ut krigarar til hest og stilte dei til rådvelde for kongen. Stormenn som skaffa slike riddarar, vart kalla vasallar, og dei fekk inntekter frå kongeleg jordegods (len). Denne ordninga blir kalla føydalsystemet.

 

I høgmellomalderen(1000–1300) auka jordbruksproduksjonen og folketalet. Det vart grunnlagt tusenvis av byar, og byborgarane utvikla seg til ein ny samfunnsklasse. Samtidig auka kongane makta si fordi dei utarbeidde nye lovbøker og bygde ut ein sentraladministrasjon.

 

Frå slutten av 1000-talet og knapt to hundre år framover sende kristne europearar riddarhærar på krosstog for å sikre herredømmet over Palestina. Krossfararane vart til slutt drivne ut av Midtausten, men i 1492 klarte kristne troppar å vinne over muslimane i Spania.

 

På 1200- og 1300-talet vart det oppretta stenderforsamlingar der fyrstane møtte representantar for dei geistlege, adelen og borgarane. Forsamlingane vedtok skattar og avgifter som gav fyrstane inntekter, slik at dei kunne bruke leigehærar i staden for riddarane til adelen.

 

Frå midten av 1300-talet vart Europa ramma av fleire pestepidemiar, og fram til 1450 vart folketalet sterkt redusert. Folketapet skapte eit overskott av jord og mangel på arbeidskraft, og mange bønder slapp unna pliktarbeid på jorda til godsherren. I Aust-Europa derimot klarte adelen å styrkje herredømmet over bøndene, slik at mange vart ufrie leiglendingar.