Samandrag av Kapittel 4: Vikingtid og mellomalder i Noreg. Nynorsk

Vikingtida (ca. 800–1066) innleier historisk tid i Norden. Perioden er kjenneteikna av at sjøkrigarar frå området drog på tokt til fjerne strøk. Dei både røva og plyndra, men dei dreiv også fredeleg handel, bygde byar, koloniserte store område og grunnla nye rike. Ferdene vart leidde av høvdingar med overlegne skip, effektive våpen og ein krigersk religion. Lensoppløysinga var med på å gi vikingane eit overtak.

 

Ute i Europa var det stor etterspurnad etter nordiske varer, og varebytet vart stimulert av at Norden var mellomledd i handelen mellom Vest-Europa og Midtausten. Svenskane drog gjerne austover langs dei russiske elvane, medan danskane var i fleirtal på tokta til frankarriket og England. Nordmennene segla helst til øyane i Atlanterhavet.

 

Frå om lag 900 bygde Harald Hårfagre og etterkomarane hans ut kongemakta i Noreg i stadig strid med danske kongar og norske høvdingar. Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson prøvde å innføre kristendommen. Alle møtte hard motstand, og det var først etter at Olav Haraldsson vart drepen i slaget på Stiklestad i 1030 og opphøgd til helgen, at kongedømmet til hårfagreætta vart grunnfesta.

 

Andre halvdelen av 1000-talet var ein fredeleg vekstperiode for Noreg, men tronfølgjeordninga og endra samfunnsforhold førte til borgarkrigar på 1100-talet. Med hjelp frå kyrkja fekk stormannen Erling Skakke krona sonen Magnus til konge, men han vart drepen av Sverre Sigurdsson. Sverre var førar for opprørsflokken birkebeinarane og tok kongsmakt. Det gjorde at han kom i konflikt med kyrkja, og han vart lyst i bann. Borgarkrigane slutta i 1217 da Håkon Håkonsson vart vald til konge.

 

I mellomalderen auka folketalet til om lag 400 000, og nye gardar vart rydda. Bøndene gjekk frå å vere sjølveigarar til å bli leiglendingar under kongen, kyrkja og adelen, men dei var frie samanlikna med bøndene på europeiske gods. Samtidig voks dei første varige byane fram.

 

1200-talet blir kalla stordomstida fordi den norske kongen rådde over meir land enn nokon gong før eller seinare, administrasjonen vart bygd ut, og kulturen blomstra.

 

I 1349 ramma svartedauden Noreg. Pesten tok livet av mellom ein tredel og halvparten av befolkninga. Det førte til at det vart nok jord, og folk flytta til dei beste gardane. Dermed vart gardar i utkantstrøk liggjande øyde. Først på 1500-talet tok folketalet til å auke igjen.

 

Den norske staten fekk mindre inntekter som følgje av folketapet, og utanrikshandelen vart dominert av dei tyske hanseatane. Frå 1380 fekk Noreg felles konge med Danmark, og det varte til 1814. Margrete Valdemarsdotter samla heile Norden under dansk leiing i 1397 (Kalmarunionen). Sverige greidde å bryte ut, men eit svekt Noreg vart gradvis lagt under Danmark. I 1536 avgjorde det danske riksrådet at Noreg skulle vere ein del av Danmark, og året etter vart reformasjonen innført her i landet.