Samandrag av Kapittel 5: Kolonisering og kulturmøte. Nynorsk

Portugal og Spania var leiande både når det galdt sjøekspedisjonar og krig mot muslimar. Oppdagingane av sjøvegane til Asia og Amerika førte etter kvart til ein trekanthandel driven av handelskompani som knytte Europa, Afrika og Amerika saman.

 

I Afrika levde halvparten av folket sør for Sahara i samfunn utan sentralmakt da europearane kom. Europearane handla til seg gull og elfenbein og sette i gang ein storstilt handel med slavar frå Afrika til Amerika. Berre i det sørlege Afrika vart det europeisk innvandring av eit visst omfang.

 

I Kina herska keisardynastia i eit samfunn bygd på konfutsianske ideal. Keisaren og dei kinesiske mandarinane følte seg høgt heva over dei utanlandske «barbarane» som var ute etter kinesiske varer.

 

Midt på 1500-talet var det godt handelssamband mellom Portugal og Japan. Den portugisiske misjoneringa førte til motstand. Kristne vart forfølgde, og Japan avgrensa etter kvart kontakten med europeiske land.

 

India var eit splitta område, men hinduismen og kastesystemet gav samfunnet stabilitet. Ved hjelp av det britiske austindiakompaniet skaffa Storbritannia seg kontroll over store delar av India.

 

I Amerika hadde mayaene, aztekarane og inkaene utvikla sivilisasjonar før europearane kom dit tidleg på 1500-talet. Men etter kort tid hadde dei spanske conquistadorane lagt under seg både Mexico og Peru. I Nord-Amerika slo europeiske kolonistar seg ned tidleg på 1600-talet og tok til å drive indianarane bort frå kystane.

 

Koloniseringa fekk størst negativ verknad i Amerika og Afrika fordi millionar av innfødde døydde av nye sjukdommar eller vart offer for slavehandel. Men oppdagingane knytte verda nærmare saman, og matplanter og husdyr vart utveksla mellom verdsdelane.