Samandrag av Kapittel 6: Styreformer i Europa. Nynorsk

I seinmellomalderen var dei fleste samfunna i Europa stendersamfunn. Dei geistlege, adelen og ein tredjestand møttest i stenderforsamlingar. I dei fleste landa fekk ikkje bøndene, fleirtalet av befolkninga, møte.

 

Italienske bystatar som Venezia, Genova og Firenze utvikla kapitalistiske samfunn. Venezia vart styrt som ein republikk, og staten erobra eit imperium som strekte seg frå Nord-Italia til Kypros.

 

På 1400-talet kom ei sterk interesse for antikk kultur gjennom humanismen og renessansen. Humanistane vende blikket mot enkeltmennesket og kva det kunne utrette i livet på jorda. Eit nytt verdsbilete med sola i sentrum slo igjennom. Renessansen var ei atterføding av ideala frå antikken og førte til at fleire kunstarter vart fornya.

 

På 1500-talet reiste Martin Luther kraftig kritikk mot pavekyrkja. Resultatet vart reformasjonen, som førte til at mange fyrstar tok over kyrkjeeigedommar og grunnla statskyrkjer. Reformasjonen løyste ut ein motreformasjon der habsburgarane i Spania stod sentralt. Maktkampen mellom ulike statar og religiøse retningar enda i trettiårskrigen (1618–48), der både Sverige og Danmark-Noreg blanda seg inn. Fredslutninga etter krigen la grunnlaget for det vi i dag kallar folkeretten.

 

I England vart det borgarkrig på 1600-talet, og striden stod om religion og styreform. Det enda med at parlamentarismen slo igjennom – ei styreform der kongen og regjeringa ikkje kan styre mot viljen til fleirtalet i ei vald nasjonalforsamling.

 

Andre statar fekk eineveldige styreformer på 1600-talet. Dei eineveldige herskarane meinte at dei var Guds representantar på jorda. Dette galdt mellom anna i Frankrike, der Ludvig 14. erklærte at han personleg var staten. På same måten som andre eineveldige statar førte også Frankrike mange krigar, og utgiftene til desse krigane og til hofflivet i Versailles førte Frankrike ut i eit økonomisk uføre.

 

I 1660 hadde Sverige teke så mykje land frå Danmark-Noreg at grensene vart om lag som i dag. Sverige stod fram som stormakta i Norden, medan kong Fredrik 3. innførte einevelde i Danmark-Noreg gjennom eit kupp mot adelen.