Samandrag av Kapittel 7: Noreg i vekst 1500-–1800. Nynorsk

Folketalet i Noreg minka til 150 000 i seinmellomalderen, men midt på 1600-talet hadde landet over 400 000 innbyggjarar. Hundre år seinare var det 700 000 nordmenn. Ni av ti menneske budde på landsbygda.

 

Etter 1660 fekk bøndene eigedomsretten til den jorda dei dreiv. Kongen betalte borgarar med gardar han åtte i Noreg. Borgarane selde jorda til bøndene fordi det var meir lønnsamt å investere i bergverk, sagbruk og skip. Sjølveigarbøndene var sikra at gardane gjekk i arv, og på Austlandet og i Trøndelag fekk dei rett til å hogge tømmer dersom det høyrde skog med til garden.

 

Øydegardane frå seinmellomalderen vart rydda på nytt. Over heile landet vart gardar delte, slik at det vart arbeid til fleire, men husmannsordninga gav arbeid til flest. På Austlandet og i Trøndelag vart arbeidshusmennene ein underklasse i bondesamfunnet. På Vestlandet stod husmennene sterkare fordi dei tente pengar på fiske og handverk.

 

Kongen auka ikkje skattetrykket etter at den store nordiske krigen var slutt i 1720. Grunnen var at bøndene hadde verneplikt og måtte betale våpen og utstyr sjølve. Dessutan hadde dei ansvaret for fattigstellet og skolen.

 

Frå mellomalderen hadde samane budd i område dei kalla sidaer. På 1500-talet vart det eit skilje mellom fjellsamar med store reinflokkar og fastbuande samar. Tidleg på 1700-talet bestemte kongen at samane skulle kristnast. Naturreligionen vart stempla som overtru, og gradvis slo kristendommen rot. Rettsstillinga til samane på Nordkalotten vart betre da Sverige og Danmark-Noreg fekk fast grense i 1751.

 

Den merkantilistiske heilstatspolitikken prega næringslivet i Noreg. Rika skulle smeltast saman til ei økonomisk, politisk og kulturell eining med København som sentrum. Frå andre halvdelen av 1500-talet vart trelasteksporten ei hovudnæring. For bergverka vart 1600-talet den store ekspansjonsperioden, medan fiske framleis var livsgrunnlaget for folk langs kysten. Næringsutviklinga førte til at nye byar voks fram.

 

Den store nordiske krigen i 1700–1720 retta opp att maktbalansen i Norden. Nabolanda Sverige og Danmark-Noreg gjekk inn i ein lang fredsperiode. I unionen mellom Danmark og Noreg nekta kongen å gi opp heilstatspolitikken og å gi nordmennene eigen bank og eige universitet. Men i Noreg hadde det vakse fram ein elite som kunne ta leiinga. Det viste seg da Noreg braut ut av unionen i 1814.