Samandrag av Kapittel 8: Opplysningstid og revolusjonar. Nynorsk

Tida mellom slutten av 1600-talet og år 1800 blir kalla opplysningstida i Europa og Nord-Amerika. Naturvitskapane var i utvikling, og menneskeleg fornuft vart sett i høgsetet. Tenkjarane i opplysningstida var utviklingsoptimistar som meinte at mennesket ved hjelp av kunnskap ville skape ei betre verd. Dei møtte motstand frå kyrkja og eineveldige herskarar, fordi mange av dei var kritiske til den makta kyrkja hadde, og til eineveldet som styreform. Dei mest kjende opplysningsfilosofane var franskmennene Voltaire, Rousseau og Montesquieu. Dei var inspirerte av briten John Locke, som hadde formulert folkesuverenitetsprinsippet på 1600-talet.

 

Dei britiske koloniane i Amerika var dei første som sette ideane frå opplysningstida ut i livet. I 1776 braut kolonistane med Storbritannia og grunnla republikken USA. I sjølvstendefråsegna skreiv dei at alle menneske var fødde frie og hadde rett til å søkje lykka. Britane prøvde å slå ned opprøret i Amerika med militærmakt, men USA fekk støtte frå det eineveldige Frankrike. Franskmennene ønskte å hemne tidlegare nederlag mot britane. I 1783 gav britane opp, og fire år seinare vedtok amerikanarane ei grunnlov som bygde på folkesuverenitetsprinsippet, maktfordeling og skilje mellom stat og religion. Kvite menn over 25 år fekk røysterett, og George Washington vart den første presidenten i USA.

 

Frankrike brukte så mange pengar på å støtte USA at landet kom i økonomisk krise. I 1789 kalla den eineveldige kong Ludvig 16. dei tre stendene – dei geistlege, adelen og tredjestanden (bønder, borgarar og arbeidarar) – inn til ei stenderforsamling for å løyse krisa. Men representantane for tredjestanden braut ut og kravde ei ny nasjonalforsamling der alle skulle ha like rettar. Folk i Paris frykta at kongen skulle bruke militærmakt mot nasjonalforsamlinga, og storma festninga Bastillen. Bøndene gjorde opprør mot dei føydale rettane til adelen. Dei vann fram da adelen fråskreiv seg desse rettane. Samtidig vart det utarbeidd ei fråsegn om menneskerettar. I 1791 vart Frankrike eit konstitusjonelt kongedømme. Berre menn med ei viss inntekt og ein viss formue fekk røysterett og kunne veljast til nasjonalforsamlinga.

 

Dei radikale jakobinarane var misnøgde med dette og dreiv revolusjonen vidare. Dei erklærte krig mot eineveldige statar og avretta både kongen og dronninga i 1793. Nasjonalkonventet styrte den nye republikken. Dei ville demokratisere og forme om republikken med ny tidsrekning og allmenn røysterett for menn. Krig og radikalisering førte til borgarkrig, terror mot motstandarar og indre strid mellom jakobinarane. I 1794 vart leiaren, Robespierre, sjølv avretta.

 

General Napoleon slo ned opprør frå kongetilhengjarar og førte krigen mot fiendane til Frankrike med stor suksess. I 1799 gjorde han statskupp, og i 1804 gjorde han seg til keisar. Storbritannia var hovudfienden til Napoleon. I 1807 tok britane den dansk-norske flåten for at han ikkje skulle falle i hendene på Napoleon. Dette førte Danmark-Noreg inn i krigen på Napoleon si side. Sverige valde ein av generalane til Napoleon til tronfølgjar. Han tok namnet Karl Johan og gjekk saman med fiendane til Frankrike mot å få Noreg. Napoleon vart slått, og i januar 1814 vart Noreg avstått til Sverige. Den danske tronarvingen Kristian Fredrik gjorde opprør mot dette. Han fekk med seg nordmennene mot at han gjekk med på ei grunnlov bygd på folkesuverenitet og maktfordeling. Han vart vald til konge 17. mai 1814 etter at Grunnlova var vedteken. Grunnlova gav røysterett til om lag 40 % av menn over 25 år.

 

Karl Johan invaderte Noreg like etter og tvinga landet i union med Sverige med militærmakt. Kristian Fredrik måtte gå av. Men Noreg fekk behalde Grunnlova. Berre kongemakta batt dei to landa saman.