Samandrag av Kapittel 9: Industrisamfunnet blir til. Nynorsk

Den industrielle revolusjonen som begynte rundt 1750, var ei like stor omvelting som jordbruksrevolusjonen for 10 000 år sidan. Maskinar erstatta muskelkraft, og vareproduksjonen vart flytta frå heimane til fabrikkane.

 

Industriutviklinga tok til i Storbritannia med England som kjerneområde. Landet hadde allereie frå 1600-talet hatt den sterkaste folkeauken i Europa. Dermed utvikla det seg ein stor og veksande marknad som hadde bruk for varer. Fleire menneske kravde meir mat, og britiske jordeigarar effektiviserte landbruket. Dessutan tong folk billige klede. Derfor begynte den industrielle revolusjonen i tekstilindustrien. Den nye dampmaskinen spora kreative menneske til å utvikle dampdrivne spinne- og vevemaskinar. Dampmaskinen pumpa vatn ut av kolgruvene, og nye produksjonsmetodar gjorde det mogleg å bruke steinkol i staden for trekol til å smelte jernmalm.

 

Dampmaskinen revolusjonerte også transporten. Dampskip med skovlhjul, seinare med propell, var eit fantastisk framsteg. Det same var den dampdrivne jernbanen. Også kanalane høyrde med til transportrevolusjonen.

 

Frå slutten av 1700-talet fekk ei ny økonomisk tenking fotfeste i Europa: den økonomiske liberalismen. Det var skotten Adam Smith som var hjernen bak, og han braut med merkantilismen som hadde dominert frå 1600-talet. Smith avviste import- og eksportforbodet i eineveldet og meinte at frihandel var til beste for handelen og menneska. Men under den økonomiske liberalismen auka klasseskilnadene. Øvst i samfunnet stod adel og borgarskap. Dei åtte jord, fabrikkar og skip. Nedst stod arbeidarane. Dei selde arbeidskrafta si, slik at dei rike vart rikare.

 

Industrialiseringa spreidde seg raskt til fleire land, og mot slutten av 1800-talet gjekk Tyskland forbi Storbritannia. I 1914 var USA den leiande industristaten i verda.

 

Men industrien skapte miljøproblem. Opne kloakkar stinka og spreidde smitte, røyken frå fabrikkpipene låg tung over byane, og menneska tok for alvor til å utnytte ikkje-fornybare ressursar. I 1863 vedtok Storbritannia ei lov mot luftureining, men det skulle ta over hundre år før miljøskadane vart tekne på alvor.

 

Også i Noreg auka folketalet sjølv om 800 000 nordmenn utvandra til USA på 1800-talet. Særleg småbønder og husmannsfamiliar søkte betre levekår enn dei hadde i heimlandet.

 

Ved Akerselva i Kristiania voks dei første tekstilfabrikkane fram i 1840-åra, og styresmaktene la forholda til rette. Frihandel vart eit nøkkelord også for norske politikarar. I 1880 hadde Noreg den tredje største handelsflåten i verda. Tretti år seinare stod tre firedelar av dagens jernbanenett ferdig, og langs kysten blomstra skipsverft og hermetikkfabrikkar.

 

Også bondesamfunnet vart merkt av den nye tida. Jordskiftelova gjorde at bøndene kunne få større jorde som gav høgare avkastning. Slåmaskin, såmaskin og hesterive tok over for muskelkrafta. Det same galdt fisket. Litt etter litt la fiskarane bort årer og segl. Bensinmotoren tok over som framdriftsmiddel.