Samandrag av Kapittel 10: Demokratisering og nasjonalisme. Nynorsk

På 1800-talet vart ideologiane sette i system:

  • Konservatismen stod for tradisjon og gradvise samfunnsreformer.
  • Den økonomiske liberalismen gjekk ut på fri konkurranse og ein marknad regulert av tilbod og etterspurnad.
  • Tilhengjarane av sosialliberalismen ville også ha fri konkurranse, men sosiale skilnader i industrisamfunnet måtte rettast opp.
  • Sosialistane gjekk inn for likskap, at den private eigedomsretten måtte opphevast og at alle menn burde få røysterett. Marx og Engels hevda at klassekamp dreiv historia framover mot eit klasselaust samfunn.
  • Feministane hadde som hovudmål å skaffe kvinnene røysterett.
  • Nasjonalismen var ein opprørsideologi for undertrykte folk som ville ha sin eigen stat, men hadde også ei retning som la vekt på at folk med same kulturbakgrunn kunne kome saman i statar.
  • Utviklingslæra til Darwin skapte grobotn for sosialdarwinismen, som la vekt på at det var naturleg at dei sterke knekte dei svake.

 

Tyskland og Italia vart samla til nasjonalstatar i 1860-åra. Men i Aust-Europa og på Balkan gjorde nasjonalismen det vanskeleg å halde statane saman. Etter den fransk-tyske krigen i 1870–1871 gjorde arbeidarar, studentar og handverkarar opprør i Paris. Dei prøvde å gjennomføre eit sosialistisk eksperiment som vart kalla Pariskommunen, men det vart slått ned.

 

Frå 1814 var Noreg og Sverige i personalunion. Det var kongen som batt dei to statane saman. Stortinget vedtok lover og løyvde pengar, men det var svenskane som styrte norsk utanrikspolitikk, og kongen avgjorde kven som skulle vere statsrådar i regjeringa. Ute i bygdene hadde embetsmenn som futar, offiserar og prestar stor makt, men etter kvart vart fleire bønder valde inn på Stortinget.

 

Rundt midten av 1800-talet voks det fram grupper som kjempa for likskap. Fremst stod Thranerørsla. Leiaren Marcus Thrane var inspirert av revolusjonen i Europa i 1848, men fordi han sjølv truga med revolusjon, vart han fengsla. Dermed døydde rørsla ut. Også det samiske Kautokeino-opprøret i 1852 vart slått ned.

 

Frå 1870-åra samla Johan Sverdrup opposisjonen på Stortinget. Målet var større innverknad på regjeringa. Han fekk fleirtal for at statsrådane skulle møte på Stortinget for å forsvare den politikken dei førte, men kongen la ned veto mot vedtaket. Dette førte til vetostriden, men etter riksrettsdommen som dømde den kongelojale regjeringa til å gå av i 1884, måtte han gi etter. Kongen bad Johan Sverdrup, som hadde eit fleirtal av stortingsrepresentantane bak seg, om å bli statsminister. Slik markerte 1884 gjennombrottet for parlamentarismen i Noreg. No voks dei politiske partia fram: Venstre (1884), Høgre (1885) og Arbeidarpartiet (1887).

 

I Noreg auka misnøya med unionen. Utanriksministeren var svensk, men Venstre meinte at Noreg burde ha eiga konsulatteneste sjølv om det skulle føre til brott med Sverige. Høgre ville bevare unionen og kongedømmet.

 

I 1905 vedtok Stortinget ei lov om eiga norsk konsulatteneste, men kongen skreiv ikkje under. 7. juni erklærte Stortinget at unionen med Sverige var oppløyst. I ei folkerøysting gjekk eit overveldande fleirtal mot unionen, og 80 % sa ja til at Noreg skulle vere eit kongedømme. Prins Carl av Danmark tok namnet Haakon 7. som norsk konge.