Samandrag av Kapittel 11: Kolonialisme og imperialisme. Nynorsk

Frå 1880 starta eit kappløp om koloniar. Mange statar prøvde å skaffe seg politisk, økonomisk og militært herredømme utanfor sine eigne grenser. Det blir kalla imperialisme. Industrialiseringa, nye transportmiddel og betre våpenteknologi skapte føresetnader for imperialismen. Nasjonalismen, sosialdarwinismen og behovet for nye råvarer var viktige drivkrefter i den imperialistiske politikken.

 

På Berlinkonferansen i 1884–1885 prøvde kolonimaktene å få til spelereglar for koloniseringa av Afrika. Fram til 1914 vart mesteparten av Afrika kolonisert, og det var Storbritannia og Frankrike som sikra seg dei fleste koloniane.

 

Frå 1858 styrte britane India. Samfunnsinndelinga i India bygde på kastesystemet. Britane handla med indiske råvarer, som krydder, bomull og te, og dei tok til å eksportere indisk opium til Kina. Unge, velutdanna indarar grunnla Kongresspartiet, som utvikla ein indisk nasjonalisme.

 

I Kina vart det kappløp mellom stormaktene om interesseområde. Opiumsbruken og elendige sosiale forhold førte til taipingopprøret i 1850. I 1900 vart eit nasjonalistisk opprør – boksaropprøret – slått ned ved hjelp av utanlandske troppar. I 1912 vart keisardømmet til mandsjuane styrta.

 

Japan klarte å unngå erobring av framande makter ved å kopiere dei vestlege landa. På kort tid fekk landet moderne industri, utdanningssystem og militærvesen. I 1905 vann Japan over Russland i krig om Mandsjuria, noko som stimulerte nasjonalismen i koloniar både i Afrika og i Asia.

 

Frå 1400-talet ekspanderte Russland i alle retningar, og riket nådde den største utstrekninga på slutten av 1800-talet. Da hadde russarane kontroll over Kaukasus, dei hadde erobra nye område i Sibir og ekspandert sørover mot Sentral-Asia.

 

I 1865 vann nordstatane over sørstatane i ein blodig borgarkrig, og under denne krigen vart slaveriet avskaffa. På 1800-talet tok USA store område frå Mexico. Rundt 1900 ekspanderte USA, og landet dominerte i Mellom-Amerika og erobra område i Stillehavet og i Asia.

 

I byrjinga av 1800-talet frigjorde Latin-Amerika seg frå Spania og Portugal. Eksport av råvarer førte til sterk økonomisk vekst etter 1870. Menneske og kapital strøymde til Latin-Amerika. Både USA og Storbritannia hadde sterke økonomiske interesser i Latin-Amerika.