Samandrag av Kapittel 12: Den første verdskrigen. Nynorsk

Før den første verdskrigen braut ut i 1914, dreiv imperialisme, nasjonalisme og kapprustning stormaktene i Europa frå kvarandre. Aviser og skole var fylte av nasjonalistisk propaganda, og statane inngjekk alliansar som stod mot kvarandre. Trippelalliansen bestod av Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia, medan trippelententen hadde Frankrike, Russland og Storbritannia som medlemmer.

 

Både arbeidarrørsla og den borgarlege fredsrørsla ville hindre krig. Arbeidarane håpa at likesinna i alle land skulle stå saman mot krig. Den borgarlege fredsrørsla satsa på internasjonale konferansar og at konfliktar kunne løysast med skilsdom. Ingen av dei lykkast. Det var nasjonalismen i enkeltlanda som sigra. Nasjonalismen dreiv verda mot krig.

 

Serbia utfordra Austerrike-Ungarn i Bosnia-Hercegovina, og da den austerrikske tronfølgjaren vart skoten i Sarajevo 28. juni 1914, løyste det ut ein krig mellom stormaktsalliansane. Berre Italia heldt seg utanfor.

 

Krigen på austfronten bølgja att og fram, medan han på vestfronten utvikla seg til ein fastlåst skyttargravskrig. På alle frontar var det veldige tap fordi generalane stadig gav ordre om masseåtak, og soldatane vart møtte av piggtråd og mitraljøseeld. Begge sider brukte giftgass. I dei krigførande landa tok kvinnene over mykje av det sivile arbeidet, og statsapparatet vart styrkt.

 

Italia slutta seg til trippelententen i 1915, og i 1917 gjorde USA det same. Våren 1918 mista ententen Russland, som trekte seg ut av krigen. Tyskland og Austerrike-Ungarn braut likevel saman hausten 1918 fordi dei hadde mindre ressursar av folk og materiell enn motparten.

 

Tyskarane håpa at president Wilson i USA ville sikre dei ei mild og rettferdig behandling. Men ved freden i Versailles i 1919 gjekk Frankrike og Storbritannia inn for ei hard linje. Tyskland fekk skylda for krigen og måtte betale krigsskadeerstatningar. Dei tyske koloniane gjekk tapt, og landet måtte avstå område i Europa. Austerrike-Ungarn vart oppløyst. Nye statar var Jugoslavia, Polen, Tsjekkoslovakia, Finland, Estland, Latvia og Litauen. Kolonifolk som hadde kjempa på alliert side, var vonbrotne over at dei ikkje fekk fridommen til gjengjeld. Folkeforbundet i Genève skulle sikre freden ved kollektiv tryggleik, men USA vart ståande utanfor.

 

Dei nordiske landa erklærte seg nøytrale i 1914. Norske skipsreiarar og aksjespekulantar tente store pengar på krigen. Noreg vart i praksis tvinga til å segle for Storbritannia, og 2000 sjøfolk mista livet fordi tyskarane torpederte skipa deira. Prisane steig kraftig, og klasseskilnadene auka fordi lønningane til folk flest ikkje heldt tritt med prisauken. Staten prøvde å bøte på dette med å innføre prisreguleringar og rasjonering.