Samandrag av Kapittel 13: Mellomkrigstid. Nynorsk

Etter marxistisk teori kom ein verdsomspennande revolusjon til å starte i eit utvikla industriland med stor arbeidarklasse. Men i Vesten vart revolusjonslysta dempa ved at arbeidarane fekk røysterett og fagforeiningar. I staden kom ei revolusjonær utvikling i jordbrukslandet Russland, der det eineveldige styret til tsaren var svært undertrykkjande. Det russiske nederlaget under den første verdskrigen førte til ein spontan revolusjon som feia vekk tsarveldet våren 1917. Bolsjevikleiaren Lenin kom tilbake til Russland. Han meinte at det etter den brutale verdskrigen var mogleg å setje i gang ein verdsrevolusjon. Bolsjevikane (kommunistane) gjorde statskupp hausten 1917 og brukte makt og terror mot politiske motstandarar. Med Trotskij som militær leiar sigra dei deretter i ein blodig borgarkrig i åra 1918–1921. Kommunistane fekk marxistar frå heile verda med i organisasjonen Komintern og døypte Russland om til Sovjetunionen.

 

Verdsrevolusjonen mislykkast, og etter at Lenin var død, vart det maktkamp mellom Trotskij og Stalin. Stalin sigra, gjennomførte planøkonomi og tvinga bøndene inn i kollektiv i 1930-åra. Politiske motstandarar vart sende til tvangsarbeidsleirar eller avretta. Millionar døydde, men Sovjetunionen vart industrialisert med rekordfart.

 

Kommunismen skapte frykt i den kapitalistiske verda. I USA vart politisk radikale forfølgde av styresmaktene under The Red Scare. Etter dette fekk USA ei fantastisk økonomisk utvikling gjennom 1920-åra. Nye oppfinningar, samlebandet, reklame og avbetaling gjorde USA til det første forbrukarsamfunnet i verda. USA spreidde massekulturen sin gjennom film og musikk til resten av verda. Men i 1929 kom eit børskrakk og ei økonomisk nedgangstid som spreidde seg til resten av verda. Gjennom programmet New Deal prøvde president Franklin D. Roosevelt å få landet ut av krisa gjennom ein aktiv stat som skulle gi folk arbeid og kjøpekraft. Han var inspirert av den britiske økonomen Keynes.

 

Den økonomiske verdskrisa førte til at sterke menn kom til makta i fleire europeiske land. I Italia vart Benito Mussolini diktator i 1920-åra. Med fascismen som ideologi ville han stanse kommunismen og utvikle ein korporativ økonomi der arbeidarar og kapitalistar skulle spele på lag. I Tyskland utvikla Adolf Hitler nazismen, som var sterkt rasistisk og la vekt på jødehat og kamp mot marxisme og arbeidarrørsle. Hitler kom til makta på lovleg vis i 1933. Kommunistfrykta blant dei borgarlege gjorde han deretter til diktator. Etter dette einsretta han Tyskland, forfølgde jødar og venstreorienterte, rusta opp i strid med Versaillestraktaten og førebudde Tyskland på ein krig han meinte måtte kome.

 

Det norske samfunnet vart påverka både av kommunismen, den økonomisk krisa og fascismen mellom 1918 og 1940. Arbeidarpartiet vart med i Komintern, men melde seg ut og sigra i kamp med NKP om å ha tilknyting til LO. Borgarlege mindretalsregjeringar styrte Noreg fram til 1935. Da fekk Arbeidarpartiet regjeringsmakt gjennom eit kriseforlik med Bondepartiet. Deretter tok regjeringa Nygaardsvold til å byggje ut ein velferdsstat. Vidkun Quisling prøvde å kopiere Mussolini og Hitler med eit norsk fascistisk parti, men dette fekk lita oppslutning. Likevel vart sigøynarar, taterar, samar, kvener og jødar utsette for overgrep og diskriminering i det norske samfunnet.