Samandrag av Kapittel 14: Den andre verdskrigen. Nynorsk

Etter fredsoptimismen i 1920-åra vart det neste tiåret prega av internasjonale konfliktar. I 1931 erobra Japan den kinesiske provinsen Mandsjuria, og frå 1937 var det full krig mellom Japan og Kina. To år tidlegare hadde det fascistiske Italia gått til krig mot Etiopia, som vart italiensk koloni.

 

Etter at Hitler kom til makta i 1933, bestemte han seg for å trasse Versaillestraktaten og ruste opp, og i 1936 marsjerte tyske troppar inn i Rhinland. Same året tok Italia og Tyskland parti for dei fascistiske opprørarane i den spanske borgarkrigen. Sovjetunionen støtta den spanske folkefrontregjeringa, medan Frankrike og Storbritannia var nøytrale. Krigen enda med siger for dei spanske fascistane. Dermed hadde tryggingssystemet som vart bygd opp etter den første verdskrigen, brote saman. Folkeforbundet hadde korkje klart å stoppe imperialismen til Japan og Italia eller fascismen og nazismen i Europa.

 

I 1938 vart Austerrike innlemma i Tyskland, og Storbritannia og Frankrike lét seg presse til åla Tysklandoverta det tsjekkiske Sudet-området. Ved å kome Hitler i møte håpa dei å unngå ein ny krig, men samtidig garanterte dei tryggleik for Polen. Da det ikkje lykkast å skape ein allianse mellom Sovjetunionen og vestmaktene, valde Stalin i august 1939 å inngå ei pakt med Hitler. Dei vart einige om å dele Polen ogla Sovjetunionenta over dei baltiske statane og Bessarabia. I september same åretla Tysklandunder seg den vestlege delen av Polen i ein «lynkrig», medan sovjetiske troppar hærsette resten av landet. Storbritannia og Frankrike svara med å erklære Tyskland krig.

 

I november 1939 gjekk Stalin til krig mot Finland. Finnane gjorde hard motstand, men dei måtte gå med på ein fredsavtale i mars 1940. Tyskland gjekk til åtak på Danmark og Noreg 9. april same året, og den norske regjeringa bestemte seg for å ta opp kampen. Ho fekk militær hjelp frå Storbritannia og Frankrike, men tyskarane var overlegne. I byrjinga av juni 1940 vart dei allierte styrkane trekte ut av Noreg etter at Tyskland hadde slått til mot Beneluxlanda og Frankrike.

 

Den militære fiaskoen for britane i Noreg førte til regjeringsskifte i Storbritannia, og Winston Churchill tok over som statsminister. I juni 1940 kapitulerte Frankrike, og i året som følgde, prøvde Hitler å bombe Storbritannia i kne, men utan å lykkast. Våren 1941 tok tyske troppar kontroll over Balkanhalvøya, og i juni same året gjekk Hitler til krig mot Sovjetunionen. I desember 1941 vart USA trekt inn i krigen, da japanarane gjekk til åtak på marinebasen Pearl Harbor. Samtidig erklærte Tyskland krig mot USA. Ved årsskiftet 1942–1943 kom vendepunktet i verdskrigen. Tyskarane vart slått tilbake ved Stalingrad og i Nord-Afrika, og den amerikanske marinen fekk eit overtak i Stillehavet.

 

Den tyske og japanske krigføringa hadde sterke rasistiske trekk. Nazistane utrydda over seks millionar jødar og gjekk særleg hardt fram mot sigøynarar og den slaviske befolkninga i Aust-Europa. Japanarane for fram som eit herrefolk i Asia og brukte rå makt mot dei okkuperte – framfor alt i Kina. Også den vestallierte krigføringa ramma sivile, og både tyske og japanske byar vart terrorbomba for å knekke moralen i befolkninga.

 

Verdskrigen gjekk inn i sluttfasen da dei allierte invaderte Italia i 1943, og 6. juni 1944 kom invasjonen i Normandie. Sovjetunionen dreiv tyskarane ut av Aust-Europa, og da Den røde armeen rykte inn i Berlin i april 1945, tok Hitler livet av seg. 8. mai 1945 var krigen over i Europa. Japanarane gav opp 14. august, etter at USA hadde sleppt atombomber over Hiroshima og Nagasaki.

 

I Noreg prøvde tyskarane å innføre ei nazistisk samfunnsordning med støtte av Quisling og Nasjonal Samling. Dei mislykkast, fordi det vart danna ei brei motstandsrørsle med representantar for idretten, kyrkja, skolen og store yrkesorganisasjonar som motarbeidde nazifiseringa med sivile aksjonar. Først mot slutten av krigen vart den militære delen av motstanden den viktigaste. Dei tyske okkupantane hadde stor nytte av norske råvarer og fiskeressursar og bygde ei rekkje fly- og flåtebasar som spela ei viktig rolle i slaget om Atlanterhavet og i krigen mot Sovjetunionen. I mai 1945 la tyskarane ned våpna i Noreg etter først å ha rasert Troms og Finnmark.

 

Etter frigjeringa vart det oppretta internasjonale domstolar som dømde fleire tyske og japanske leiarar for krigsbrottverk. Samtidig vart mange nordmenn som hadde samarbeidd med tyskarane og NS, etterforska og straffa i eit eige rettsoppgjer.

 

Sommaren 1945 vart det oppretta ein ny verdsorganisasjon, Dei sameinte nasjonane (FN), som skulle skape fred og sikre menneskerettar for alle menneska på jorda.