Samandrag av Kapittel 15: Vest mot aust – den kalde krigen. Nynorsk

Den kalde krigen – spenningsforholdet mellom USA og Sovjetunionen – var i stor grad ein ideologisk maktkamp. Stalin tok gradvis kontroll over Aust-Europa, og det tok ikkje lang tid før skiljet mellom aust og vest i Europa – jernteppet – var eit faktum. Gjennom Trumandoktrinen og Marshallplanen prøvde USA å demme opp for kommunismen.

 

I 1948 spissa den kalde krigen seg til gjennom kommunistkuppet i Tsjekkoslovakia og Berlinblokaden. Den kalde krigen førte til at det vart oppretta to tyske statar, og til at NATO vart skipa i 1949. Den kalde krigen spreidde seg til Asia òg, der USA var involvert i Koreakrigen mellom 1950 og 1953. Sjølve symbolet på den kalde krigen, Berlinmuren, vart reist i 1961.

 

I Vest-Europa hadde landa Frankrike, Tyskland, Italia, Nederland, Belgia og Luxemburg i 1957 skrive under Romatraktaten, ein avtale om økonomisk samarbeid. Det europeiske fellesskapet, EF, vart grunnlagt. I 1960 stifta landa Storbritannia, Sverige, Danmark, Noreg Austerrike, Sveits og Portugal eit motstykke til EF: EFTA. I 1973 vart Storbritannia, Irland og Danmark nye medlemmer av EF, medan Noreg sa nei til EF i ei folkerøysting i 1972.

 

Den kalde krigen førte til ei blokkdeling i Europa. I Vest-Europa var dei fleste regima demokratiske velferdsstatar med ein fri økonomi, medan Aust-Europa var underlagt Sovjetunionen med streng politisk kontroll og eit planøkonomisk system.

 

Den kalde krigen nådde eit klimaks under Cubakrisa i 1962. Da Sovjetunionen plasserte ut atomrakettar på Cuba, førte det til den alvorlegaste konfrontasjonen mellom dei to supermaktene under den kalde krigen.

 

Etter Cubakrisa vart det avspenning mellom aust og vest, men opprustinga heldt fram. I 1960-åra vart det militære styrkeforholdet mellom USA og Sovjetunionen kalla terrorbalansen. I Latin-Amerika motarbeidde USA alle regime som smaka av kommunisme og radikale reformer. I 1973 støtta USA eit militærkupp mot den lovleg valde marxistiske presidenten Salvador Allende i Chile.

 

Frå 1965 førte USA ein blodig krig i Vietnam, og Sovjetunionen knuste eit opprør i Tsjekkoslovakia i 1968. Mot slutten av 1970-åra vart det ny spenning mellom supermaktene, særleg etter at Sovjetunionen invaderte Afghanistan i 1979.

 

I 1985 kom Gorbatsjov til makta i Sovjetunionen. Reformpolitikken hans og ein betre dialog med den amerikanske presidenten Ronald Reagan betra klimaet i den kalde krigen. Dei økonomiske problema i Sovjetunionen og press innanfrå både i det ytre og det indre imperiet tvinga fram reformer. Reformpolitikken til Gorbatsjov førte til at kommunistane mista maktmonopolet sitt i Aust-Europa. I 1989 fall den forhata Berlinmuren, og året etter vart Tyskland sameint. I 1991 vart Sovjetunionen oppløyst, og den kalde krigen var over.