Samandrag av Kapittel 16: Frå gjenreising til oljerikdom. Nynorsk

I dei første tjue åra etter 1945 dominerte Arbeidarpartiet norsk politikk. Under gjenreisinga vart økonomien styrt av strenge statlege reguleringar, men frå byrjinga av 1950-åra fekk det private næringslivet friare vilkår, og velferdsstaten vart bygd ut. Folk flest fekk høgare materiell levestandard og ein meir amerikanisert livsstil. Norsk industri og skipsfart naut godt av oppgangstider i internasjonal økonomi, og det vart investert mykje i kraftkrevjande storindustri. Samtidig skjedde det ei omfattande modernisering av landbruk, skogbruk og fiske.

 

Dei sterkaste protestane mot arbeidarpartistyret i 1950-åra kom frå kristenfolket, som mislikte det liberale synet arbeidarrørsla hadde på prevensjon, seksualmoral, abort og kristendomsundervisninga i skolen. Elles var folk på venstresida misnøgde med opprustinga og atomvåpenpolitikken i NATO, og nokre av dei stifta Sosialistisk Folkeparti i 1961.

 

Frå 1965 til 1971 sat dei borgarlege partia med regjeringsmakta. Dei førte vekst- og velferdspolitikken til Arbeidarpartiet vidare i ei tid da stadig fleire tok til å stille seg kritisk til samfunnsutviklinga. Aukande sentralisering, ureining og uvettig ressursbruk førte til at miljøvern kom på dagsordenen. Radikale skoleungdommar og studentar protesterte mot Vietnamkrigen og det autoritære utdanningssystemet, medan den nye kvinnerørsla gjorde opprør mot mannssamfunnet. I byrjinga av 1970-åra danna folk frå desse protestgruppene saman med bønder, fiskarar, representantar for motkulturane og venstresida ei folkerørsle som i 1972 klarte å hindre norsk medlemskap i EEC/EF.

 

I 1970-åra vart Noreg ein oljenasjon og fekk kontroll over store havområde. Oljeinntektene gjorde det mogleg for arbeidarpartiregjeringane å gi milliardstøtte til industri og skipsfart under den internasjonale økonomiske krisa. Samtidig vart det gjennomført reformer i arbeidslivet, i skoleverket og i landbruket. Kvinnene fekk rett til sjølvvald abort, og det kom ei likestillingslov mot kjønnsdiskriminering. Talet på industriarbeidarar gjekk kraftig ned, og storkonsern overtok stadig større delar av næringslivet.

 

Høgrebølgja i 1980-åra førte i Noreg til framgang for Høgre og Framstegspartiet. Høgre leidde to regjeringar frå 1981 til 1986, som gav skattelette og friare rom for marknadskreftene. I 1989 fekk samane sitt første folkevalde organ: Sametinget.

 

I dei siste 25 åra før år 2000 auka innvandringa av ikkje-europearar. I 1980-åra voks talet på sosialhjelpmottakarar, uføretrygda og arbeidslause, men i oppgangstidene etter 1993 gjekk arbeidsløysa jamt nedover, og dei enorme oljeinntektene gjorde Noreg til eit av dei rikaste landa i verda.

 

I 1994 sa Noreg nei til EU-medlemskap, men knytte likevel sterke band til Europa gjennom EØS-avtalen. Frå 1990 til 1997 og frå 2000 til 2001 hadde Arbeidarpartiet regjeringsmakta, men vart avløyst og etterfølgt av to regjeringar med ein statsminister frå Kristeleg Folkeparti. I 2005 danna Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ei raudgrøn fleirtalsregjering.