Samandrag av Kapittel 17: Brennpunkt Midtausten. Nynorsk

Ved byrjinga av 1900-talet var store delar av det arabiske Midtausten under tyrkisk (osmansk) styre. Under den første verdskrigen oppfordra britar og franskmenn arabarane til å gjere opprør. Til gjengjeld skulle dei få fridom etter krigen. Men på grunn av Suezkanalen og oljeressursar delte Storbritannia og Frankrike Midtausten mellom seg. Dei slo ned den arabiske motstanden med militærmakt. Arabarar stifta derfor Den muslimske brorskapen, som skulle forsvare islamske verdiar mot Vesten.

 

Antisemittismen i Europa førte til at jødar grunnla sionistrørsla, som kravde eit eige heimland for jødar. Under den første verdskrigen lova britane at jødar skulle få innvandre til Palestina. Men innvandringa møtte motstand frå den arabisk-palestinske befolkninga, og på slutten av 1930-åra bestemte britane seg for å stoppe henne.

 

Under den andre verdskrigen vart seks millionar jødar drepne av nazistane i Europa. Etter krigen søkte dei overlevande til Palestina, der jødar kjempa både mot britar og palestinarar for å få sin eigen stat. I 1947 delte FN Palestina i ein jødisk og ein palestinsk del. Både USA og Sovjetunionen støtta delinga. Arabarlanda nekta å godkjenne delinga og gjekk til åtak på den nye staten Israel i 1948. Krigen enda med israelsk siger og erobring av meir land enn det FN hadde tiltenkt jødane.

 

Den israelske sigeren skapte frustrasjon i den arabiske verda. I Egypt vart Nasser leiar og utfordra Israel. Dette førte til krig i 1967. Israel sigra igjen og okkuperte heile Palestina og Sinaihalvøya. Ein ny krig følgde i 1973 da Egypt under leiing av Sadat gjekk til krig mot Israel. Presidenten i USA, Jimmy Carter, fekk Israel og Egypt til å skrive under ein fredsavtale i 1979, men andre arabarstatar såg fredsavtalen mellom Egypt og Israel som eit forræderi.

 

Islamistar fekk framgang i Midtausten da den vestvennlege sjahen i det sjiamuslimske Iran vart styrta i 1979. Ayatolla Khomeini erklærte heilag krig mot Israel og USA. Hovudmotstandaren vart likevel diktatorren og sunnimuslimen Saddam Hussein i nabolandet Irak. Irakarane gjekk til åtak på Iran i 1980, men klarte ikkje å vinne over iranarane i ein åtte år lang krig. Krigen var så dyr at Saddam Hussein invaderte det vesle nabolandet Kuwait i 1990 for å sikre seg oljeinntektene til landet. Dette førte til eit internasjonalt motåtak leidd av USA, og irakarane vart drivne ut.

 

I 1993 inngjekk den palestinske organisasjonen PLO under leiing av Yasir Arafat den såkalla Osloavtalen med Israel. Begge partane godtok kvarandre. Målet var ein palestinsk stat side om side med Israel. Men ekstreme grupper på begge sider motarbeidde avtalen. Den israelske statsministeren Yitzak Rabin vart myrda, og jødiske busetjarar tok stadig meir land frå palestinarane. Palestinarar svara med sjølvmordsbomber, og forsøk på forsoning mislykkast.

 

I september 2001 kom eit terroråtak på USA frå den islamistiske organisasjonen Al Qaida leidd av Osama bin Laden. Han hadde base i Afghanistan. USA gjekk til motåtak og slo ned det islamistiske Taliban-styret med godkjenning frå FN. To år seinare gjekk USA også til åtak på Irak, utan FN-godkjenning. President George Bush jr. hevda at Saddam Hussein støtta bin Laden, og at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen. Ingen av delane viste seg å stemme.

 

I 2011 kom det eit folkeleg opprør mot naud og politisk undertrykking i store delar av den arabiske verda. I Egypt vann Det muslimske brorskap frie val, medan det braut ut borgarkrig i Syria. I Libya blei Muammar Gaddafi styrta med stønad frå Vesten. Palestina blei observatørstat i FN i 2012, utan at det stoppa utbygginga av israelske busetnader på palestinsk jord.