Samandrag av Kapittel 18: Verda i endring. Nynorsk

Etter den andre verdskrigen motarbeidde USA og Sovjetunionen kolonisystemet. FN vart ein pådrivar for avkolonisering, og i mange koloniar voks det fram frigjeringsrørsler som arbeidde for sjølvstende.

I Sør-Afrika gjennomførte det kvite mindretalet – boarane – ein konsekvent raseskiljepolitikk: apartheid. ANC (African National Congress) vart ein sentral organisasjon for frigjeringskampen til dei svarte. Raseskiljelovene vart avvikla i byrjinga av 1990-åra, og i 1994 vart Nelson Mandela vald til den første presidenten i det nye Sør-Afrika. I 1980 måtte også det kvite mindretalsstyret i Zimbabwe gi frå seg makta.

I 1994 braut det ut ein blodig konflikt mellom hutuar og tutsiar i Rwanda. Om lag 800 000 menneske vart massakrerte, dei fleste tutsiar. FN og resten av verdssamfunnet viste liten vilje til å gripe inn. I Kongo var det ein brutal borgarkrig frå slutten av 1990-åra.

Mange land i Afrika sleit med store problem, men etter tusenårsskiftet var det lyspunkt: færre krigar, fleire demokrati, større økonomisk vekst og færre menneske som svalt.

Etter 1945 voks det fram stormakter i aust. Japan industrialiserte og vart ein imperialiststat på slutten av 1800-talet. I 1930-åra prøvde Japan å erobre Kina, og i 1941 gjekk japanarane til åtak på rivalen USA. I 1945 vart Japan overvunne og utsett for atomåtak frå USA. Etter krigen vart industrien bygd opp att i rekordfart, og Japan skapte deretter eit «økonomisk under» basert på høgteknologi.

I 1912 vart den siste keisaren i Kina styrta. Etter ein lang borgarkrig mellom kommunistar og nasjonalistar sigra kommunistane i 1949, og Mao Zedong proklamerte folkerepublikken Kina. Frå 1958 organiserte Mao «det store spranget» for å ta att dei vestlege industrilanda. Denne politikken slo feil og kosta millionar av menneske livet i svolt og nød. Kulturrevolusjonen mellom 1966 og 1976 skulle knuse motstandarane til Mao. Deng Xiaoping vart Kinas sterke mann etter at Mao døydde i 1976. Han satsa på å modernisere Kina ved å avvikle folkekommunane og sleppe marknadsøkonomien laus. Det førte til ein kraftig økonomisk vekst, men kommunistpartiet beheldt maktmonopolet. Samtidig som Kina fekk utanlandske investeringar, førte kommunistpartiet ein offensiv utanrikspolitikk og investerte stort i Asia, Afrika og Latin-Amerika for å skaffe seg råvarer og innverknad. Liberaliseringa av økonomien og den sterke økonomiske veksten førte ikkje til demokratisering, og Kina sleit med store klasseskilnader, korrupsjon og miljøproblem.

India var den viktigaste kolonien til Storbritannia. I mellomkrigstida leidde Mahatma Gandhi ein ikkjevaldeleg kamp mot britane, og i 1947 vart India sjølvstendig. Muslimane braut ut og fekk sin eigen stat: Pakistan. Moderniseringa av India gjekk sakte både under Nehru og dotter hans, Indira Gandhi, som vart drepen i eit attentat i 1984. I 1990-åra fekk marknadsøkonomien større spelerom, og India opplevde ein sterk økonomisk vekst. India sleit med religiøse motsetningar, store sosiale skilnader og diskriminering av kvinner og kastelause.

I Latin-Amerika dominerte jordeigarar, industrieigarar og offiserar, ofte støtta av USA. Under den kalde krigen blanda USA seg inn militært i fleire land. Den lengste borgarkrigen i amerikansk historie var den i Guatemala mellom 1960 og 1996. Mange militærregime øydela økonomien i landa sine med gjeldskrise og stor fattigdom som resultat. I tiåret etter 2000 gjekk Latin-Amerika i ei meir demokratisk lei, og økonomien betra seg, men det var framleis store sosiale skilnader og stor fattigdom i mange land. 

Europa opplevde ein brutal borgarkrig i Jugoslavia i byrjinga av 1990-åra. Nasjonalistiske stemningar vart piska opp, særleg av nasjonalisten Slobodan Milosevic i Serbia. Brutal krigføring og forsøk på etnisk reinsing kosta mange serbarar, kroatar og muslimar livet.

Etter at Sovjetunionen vart oppløyst og kommunismen braut saman, skjedde det ei tilnærming mellom Vest-Europa og dei tidlegare austblokklanda. EU og NATO fekk nye medlemmer, og integrasjonen i EU skaut fart. Innanfor både EU og EØS skulle det vere fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft.

George W. Bush jr. følgde etter Bill Clinton som president i USA i 2001. Bush fekk mange problem og hanskast med i presidentperiodane sine: åtaket på USA 11. september 2001, krig i Afghanistan og Irak og finanskrise. Ved presidentvalet i 2008 gjekk Barack Obama av med sigeren. Obama fekk gjort ein del med nokre av dei økonomiske problema og fekk innført helseforsikring for fleire menneske. Trass i stor arbeidsløyse og økonomiske problem vart Obama attvald i 2012.

Etter Sovjetunionens fall i 1991 vart Boris Jeltsin vald til president i Russland. Han vart etterfølgd av Vladimir Putin i 2000. I åra etter veksla Putin og Dmitrij Medvedev på å vere statsminister og president. Begge arbeidde for å byggje opp respekt for Russland internasjonalt. Under Putin og Medvedev betra økonomien seg med olje- og gassektoren som drivkraft. Men Russland fekk mykje kritikk for mangelen på pressefridom, for korrupsjon, brot på menneskerettar og forfølging av opposisjonelle.